Korleis kan din bedrift eller kommune gjere betre vurderingar for å ta vare på verdfull natur?
Tid: Onsdag 12. mars, kl. 10.00-15.00
Pris: kr. 700,- inkl. varm lunsj på Blondehuset og transport fra Birkelandsskiftet
Stad: Arboretet på Milde, Mildevegen 240
Påmelding: Send epost til helene.odven@uib.no
Naturen og mangfaldet av arter er fantastisk. Den gir oss mat, medisinar, flaumdemping, karbonlagring, frisk luft og reint vann. Den gir oss naturopplevingar og betre folkehelse. Men kvar gong vi endrar eller gjer inngrep i natur påverkar den levestaden til plantar, dyr og sopp. For ni av ti trua arter på raudlista, er det arealendringar som er den største trusselen.
Saman med berekraftforskar og postdoktor ved UiB, Katja Malmborg, skal ein utforske verdien på naturen gjennom vandringar i Arboretet på Milde. Verkstaden vil bidra til større forståing for økosystemtenester og korleis vi betre kan ta vare på verdfull natur. Målet er å leggje til rette for gode samtaler og kunnskapsdeling. Første del av dagen er ein ute og jobbar i grupper. Mot slutten av dagen møtast alle i administrasjonsbygget for å dele erfaringar og refleksjonar. Det blir også ein varm, deileg lunsj i Blondehuset, sentralt i Arboretet.
Vandreverkstaden er ein pilot i samband med utviklinga av eit formidlingssenter for biologisk mangfald og berekraftig arealbruk ved Arboretet.
Postdoktor Katja Malmborg ved Institutt for Biovitenskap er fagleg ansvarleg. Katja forskar på korleis kommunar kan anvende økologisk vitskapleg kunnskap for å styrke naturvern og berekraft, samt kva som motivere lokale aktørar til å verne om natur. Malmborg har mykje erfaring med å utvikle og undervise basert på tverrvitskapleg kunnskap i miljø- og berekraft. Ho bruker aktive og kreative undervisningsmetodar som fokuserer på prosess framfor data, og legg vekt på sosial læring der deltakarane skal lære av kvarandre. Dette er ei pedagogisk metode som vaksne studentar har særs godt utbytte av. Malmborg har ein spanande bakgrunn frå Stockholm Resilience Centre - der dei jobbar med næringslivstoppar om berekraft.
Praktisk
Tid: Onsdag 12. mars, kl. 10.00-15.00
Pris: kr. 700,- inkl. varm lunsj på Blondehuset og transport fra Birkelandsskiftet
Stad: Arboretet på Milde, Mildevegen 240
Transport: Felles transport ved behov fra bybane/busstopp Birkelandsskiftet kl. 09:30
Klede: Ta med varme og regntette klede. Vi skal ha ein del gruppearbeid medan vi er ute og går i Arboretet
Påmelding: Send epost til helene.odven@uib.no
Praktisk informasjon vert tilsendt etter påmelding
Kurset er utarbeida av;
Senter for berekraftig arealbruk, Institutt for Biovitenskap, og Universitetsmuseet ved UiB, Stiftelsen Det norske arboret og VIS – Vestlandets Innovasjonsselskap AS.